fredag 8. mars 2013

BarentsWatch har fått ny leiar


Det er no bestemt kven som blir dagleg leiar av BarentsWatch. Han heiter Geir Schulstad og kjem frå stillinga som førstelektor og prosjektleiar ved Høgskulen i Finnmark.


Geir, som er 57 år, tek over etter prosjektleiar Frode Kjersem, som 1. juli går attende til stillinga si som regiondirektør i Kystverket Troms og Finnmark.

Geir har jobba innanfor høgare utdanning nesten heile si yrkesaktive karriere. Formell utdanning inkluderar ein cand. real. frå Universitetet i Tromsø, i hovudsak innanfor informatikk. I tillegg har han ein mastergrad innanfor organisasjon og leing ved NTNU.

Han startar sannsynlegvis jobben i BarentsWatch i april, og får dermed en god periode overlapp med prosjektleiar Kjersem.

I løpet av 2013 vil BarentsWatch formelt gå frå prosjekt- til driftsfase. Utviklinga av nettportalen, av nytt innhald, funksjonalitet, og tenester i lukka og open del, held fram.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du legge igjen en kommentar?

1) Hvis du har google-konto, velg Profil: Google i lista under, logg på slik det forklares og skriv inn som en offentlig synlig leser. (foretrekkes)

2) Hvis du ikke har google-konto; velg Profil: Anonym i lista under, skriv inn kommentar og signer med navn og arbeidssted.

Takk for at du bidrar til at BarentsWatch-bloggen blir et sted for informasjons- og meningsutveksling!