mandag 31. mars 2014

Ledige stillingar i BarentsWatch



Vi er i stadig utvikling og nå søkjer vi fire engasjement som rådgjevarar i prosjektgruppa.

BarentsWatch er både på jakt etter juridisk rådgjevar og tre system- og forretningsutviklarar.


Den juridiske rådgjevaren får ei sentral rolle innanfor BarentsWatch si kvalitetsoppfølging i tillegg til ei særskilt rolle som inneber å være juridisk kompetansebærer i BarentsWatch. Rådgjevaren skal arbeide tett med prosjektleiar i BarentsWatch. Stillinga er ei koordinerande og fagleg overgripande stilling som krev stor evne til overblikk og samordning innanfor prosjektet si samla faglege portefølje. Søknadsfrist er 23. april.

Data og informasjon frå eit trettitals ulike statlege etatar og forskingsinstitusjonar skal organiserast og gjeres tilgjengeleg gjennom BarentsWatch. Den opne informasjonsportalen samlar og formidlar kunnskap om norske hav- og kystområde. I eit samhandlingssystem skal vi også overvake dei same kyst- og havområda, og verne om våre interesser i Nordområda.

Det er i arbeidet med dette at vi no søkjer systemutviklarar/forretningsutviklarar i tre årsengasjement. Desse skal delta i arbeidet med å etablere og vidareutvikle systema slik at informasjonen når ut. Stillingane blir ein del av eit team. For desse tre engasjementa er søknadsfrist 10. april.

Les meir om stillingane her:

Juridisk rådgjevar i BarentsWatch, 3 års engasjement - Kystverket
System- og forretningutviklarar i BarentsWatch - tre årsengasjenment - Kystverket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du legge igjen en kommentar?

1) Hvis du har google-konto, velg Profil: Google i lista under, logg på slik det forklares og skriv inn som en offentlig synlig leser. (foretrekkes)

2) Hvis du ikke har google-konto; velg Profil: Anonym i lista under, skriv inn kommentar og signer med navn og arbeidssted.

Takk for at du bidrar til at BarentsWatch-bloggen blir et sted for informasjons- og meningsutveksling!