fredag 15. januar 2016

Vi søkjar system- og forretningsutviklar

Vi ynskjer no å utvide staben i Tromsø.

Skulle arbeidsoppgåver som leie og koordinere utviklingsprosjekt, brukarkontakt og deltaking i internasjonale prosessar vere noko for deg, se følgande stilling:

System- og forretningsutviklar i BarentsWatch

BarentsWatch er ein del av Kystverkets hovudkontor, med 10 tilsette i Tromsø. BarentsWatch skal samle, utvikle og dele kunnskap og data om hav og kyst. BarentsWatch utviklar datasystem for ein open informasjonsportal, for sjøretta næringar og profesjonelle brukarar, og for eit samhandlingssystem med tenester spesielt utvikla for statlege etatar med eit operasjonelt ansvar i hav- og kystområda.